En fengselsbibliotekars perspektiv: Roger Dyrøy om hvordan Quria støtter en i jobben og gjør oppgaver enklere

I 2020 valgte bibliotekene i Lindesnes kommune (Lindesnesbibliotekene) å oppgradere biblioteksystemet sitt fra Mikromarc til Quria. Lindesnesbibliotekene består av Mandal, Vigeland, Øyslebø, Bjelland og Mandal fengselsbibliotek.

Vi har snakket med Roger Dyrøy, fengselsbibliotekar ved Mandal fengsel. Han forteller om hvordan det er å jobbe som fengselsbibliotekar, om bibliotekets imponerende utlånstall og hvordan det er å jobbe med Quria.

Hva inspirerte deg til å bli fengselsbibliotekar?

Eg var som fylkesbiblioteksjef med på planlegginga av dette biblioteket, og då stillinga til slutt vart utlyst visste eg at det er sjeldan ein får sjansen til å byggja opp eit bibliotek heilt frå botnen av, så eg tenkte at dette ville eg vera med på. Eg likar også å jobba med menneske meir enn det å sitja på eit kontor og i denne jobben treff ein mange ulike menneske med ulike behov. Det er ein svært spennande jobb som eg trivst godt i.

Hva slags bøker og materialer har du vanligvis tilgjengelig i fengselsbiblioteket, og hvordan bestemmer du hva du skal ha på lager?

I fengselet har vi noko vi kallar «normalitetsprinsippet», det tyder at ein skal ha det mest mogeleg så normalt som mogeleg for å kunna bli i stand til å fungera på utsida når soninga er gjennomført. Samlinga er difor veldig lik det du finn i eit folkebibliotek på utsida, med nokre unntak. Nesten halvparten av samlinga består av filmar på DVD og musikk på CD, og det er fordi du ikkje har tilgjenge til mobil eller internett i fengsel, så streaming er utelukka. Eg kjøper inn ut frå det eg ser er nytt og populært på utsida, samtidig som eg også kjøper på etterspørsel frå dei innsette.

Hvordan jobber du med innsatte for å hjelpe dem med å finne bøkene de er interessert i, og oppmuntre dem til å lese?

Det er alltid ei utfordring, sidan film er mykje meir populært å låna enn bøker, men eg lar alltid bøkene ha den mest sentrale plasseringa i lokalet og brukar plass på å fronteksponera titlar. Det gjeld også å få ein god dialog med lånarane for å kunne hjelpa dei til dei rette bøkene, og eg brukar ein del av tida mi til å prata med dei. Det er også ein viktig del av jobben sidan biblioteket er ein nøytral arena i fengselet.

Har du lagt merke til noen spesielle trender i hvilke typer bøker som er populære blant innsatte, eller noen endringer i lesevaner over tid?

Det som det går mest av er fagbøker, og tema varierer, men når det kjem nye biografiar om kriminelle eller om kriminalsaker så går det alltid ekstra av desse. Eg understrekar også at fengselsbiblioteket er for tilsette også, ikkje berre innsette, og det er fleire tilsette som har byrja lesa meir etter å ha besøkt biblioteket og som er svært fornøyde med servicen.

Mandal fengsel, er en enhet med høyt sikkerhetsnivå for menn med ordinær kapasitet på 100 plasser.

Utlånstallene deres er imponerende. Hvilke strategier bruker dere for å oppmuntre til lesing og sikre at de innsatte får mest mulig ut av bibliotekets ressurser?

Utlånstala er høge ja, ikkje minst om du samaliknar med vanlege folkebibliotek, og det er særleg filmutlånet som trekkjer opp talet. Vi prøver alltid å ha nyheter framme. Både når det gjeld film og bøker, og det er viktig for å få gode utlånstal. Kontinuerleg samlingspleie inklusive kassering er også viktig, og i det arbeidet har Quria mange gode funksjonar som gjer at vi får ein god peikepinn på kva vi må ha meir av og kva som har gjort si gjerning på hyllene.

Har dere utviklet partnerskap eller samarbeid med andre organisasjoner eller etater for å støtte fengselsbibliotekprogrammet, og i så fall, hvordan har disse relasjonene bidratt til å forbedre arbeidet deres?

Bibliotekaren er med i ei kulturgruppe i fengselet saman med fritidsleiar, prest og nokre innsette. I denne bidreg biblioteket mellom anna med å ha forfattarbesøk eller andre kulturarrangement, som er med på å gje de innsette eit avbrekk i kvardagen samt å inspirera til å lesa meir, og nokre gonger virkar det også.

Quria er et nettbasert biblioteksystem som forenkler for bibliotekets ansatte og besøkende. Det gjelder alt fra håndtering av ressurser og arbeidsflyt, hvordan metadatastrukturen gir en eksepsjonell brukeropplevelse, hvor enkelt det er å markedsføre bibliotekarrangementer og hvordan nye oppdateringer i Quria oppdateres automatisk hver gang systemet startes.

Fortell litt om hvordan har Quria forbedret arbeidsflyten din som bibliotekar?

Det er vanskeleg å seia. Quria er eit godt verktøy i allefall og eit av dei beste biblioteksystema eg har brukt, og det har vore mange.

Hvilke funksjoner i Quria synes du er mest nyttige i ditt daglige arbeid?

Ein veldig god funksjon er at det kjem opp små meldingar i oransje skrift ved utlån og innlevering, som gjer at ein kan avbryta ein transaksjon før den går igjennom. Det gjer arbeidsflyten i skranken veldig mykje lettare enn om ein skulle måtta gjera ein masse endringar eller angra etter at transaksjonen er gjennomført.

Har du lagt merke til noen forbedringer i brukertilfredsheten etter at du tok i bruk Quria?

Brukarane er mest opptekne av brukargrensesnittet på utlånsautomaten, som ikkje har med Quria å gjera. Det viktigaste for dei er at transaksjonane går raskt.

I løpet av 27 år som bibliotekar har eg brukt mange ulike biblioteksystem, og alle har gode og mindre gode sider. Det ein forventar av eit system er at det skal vera eit godt og smidig verktøy som støttar ein i jobben og gjer mange oppgåver enklare enn om ein skulle gjort det manuelt, og det gjer Quria.

Alt i alt, vil du si at Quria har vært et positivt tilskudd til bibliotekets virksomhet?

Ja, det har det, og det er også bra at det er kontinuerleg i utvikling og at brukarane av systemet opplever stor grad av medverknad på utviklinga.

Finn ut mer om Quria

Se våre filmer om Quria

Få siste nytt i innboksen med nyhetsbrevet vårt

Kryss av for det du er interessert i: